søndag 17. januar 2016

Under middels om middelalderen



Eg skal innrømme at ein av mine motivasjonar for å starte denne bloggen var dei mange merkelige og ukorrekte påstandane enkelte av våre skulebøker kjem med, som oftast angåande ting utanfor bokas fagfelt. Av dei fremste døma på det er norskboka vår, Intertekst,  som er full av historiske myter og filosofiske misforståingar. I kapittelet om opplysningstida las eg ein tekst som er ein rein gåvepakke for ein bloggar på jakt etter godt materiale å skrive om, boka påstår nemlig følgande:

«Sjå for deg eit samfunn der religionen ved kyrkja, påstår at han kan forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Folk får ikkje tru på noko som ikkje religionen først har godkjent. […] I eit slikt samfunn finst det ingen krefter som oppfordrar vitskapen til å komme med ny og banebrytande kunnskap, tvert imot blir ny kunnskap sett på med skepsis. […] Dette samfunnet er mellomalderen i Europa»[1]

Her er det med andre ord mykje å gripe tak i. Eg vil byrje med den første påstanden, om at religionen påstod han kunne forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Akkurat kva som inngår i det heller vage utrykket religion kan diskuterast i lange avhandlingar, men det vil vere meir hensiktsmessig å fokusere på kristendommen her (meir spesifikt katolisisme), sidan det er den tekstboka skulda for dette. Ingen av dei kristne doktrinane er fullgode forklaringar på naturforhold, eller gir seg ut for å vere det, i mellomalderen som no. Dei er teologiske, og dermed omhandlar dei ting som er utanfor naturvitskapens fagfelt (meir om dette i ein seinare tekst). Vitskapsmennene i mellomalderen var gjerne opptatt av å finne teologiske mønster i naturen (t.d. symbol på treeininga), noko ein kan seie var ein arv frå antikken, men dei såg aldri på teologien som ein erstatning for naturvitskap eller for den slags skyld politisk filosofi. Dette kan vi sjå hos t.d. Albertus Magnus, mellomalderfilosof og ein av få som har fått tittelen «doktor av den Katolske Kyrkja», som seier: : «In studying nature we have not to inquire how God the Creator may, as He freely wills, use His creatures to work miracles and thereby show forth His power; we have rather to inquire what Nature with its immanent causes can naturally bring to pass.»[2] Med andre ord var ein ikkje opptatt av å bruke Gud eller mirakel som forklaring på ting ein ikkje forstod, ein ville i staden finne ut korleis skaparverket fungerer. Religionen vart dermed ein motivasjon til å utforske verda rundt seg, ettersom det var Guds skaparverk. Dette var òg starten på moderne vitskapleg metode, slik den vart vidareutvikla i renessansen og på 1600-tallet.[3]

Ei anna tolking av påstanden er at kyrkja meinte at Bibelen kunne forklare alt. Heller ikkje det stemmer, noko vi får bekrefta av bibelforfattarane sjølv, t.d. Johannes som i slutten av evangeliet sitt skriv «Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.» (Joh 21,25). Det er med andre ord ikkje slik at Bibelen utgir seg for å fortelje absolutt alt, den forteljer det den treng å fortelje; Kven Gud er, kven vi er og korleis vi kan komme til Gud.

Kyrkjefaren Augustin, ein av tidenes mest innflytelsesrike teologar og filosofar, skriv rundt år 400 at:
«Usually, even a non-Christian knows something about the earth, the heavens, and the other elements of this world, about the motion and orbit of the stars and even their size and relative positions, about the predictable eclipses of the sun and moon, the cycles of the years and the seasons, about the kinds of animals, shrubs, stones, and so forth, and this knowledge he hold to as being certain from reason and experience.
Now, it is a disgraceful and dangerous thing for an infidel to hear a Christian, presumably giving the meaning of Holy Scripture, talking nonsense on these topics; and we should take all means to prevent such an embarrassing situation, in which people show up vast ignorance in a Christian and laugh it to scorn.»[4]

 Med andre ord kritiserer han kristne som prøver å dra naturvitskaplege slutningar ut i frå bibeltekstane, når dei verken forstår vitskapen eller tekstane. Kyrkja har rettnok til tider føretrukke visse vitskaplege posisjonar, t.d. at jorda var sentrum i solsystemet, men det hindra ikkje Nicolaus Copernicus, som i tillegg til å vere vitskapsmann hadde ein kyrkjeleg posisjon,  i å forske på og publisere sine teoriar om det heliosentriske verdsbiletet. At desse teoriane ikkje kom på eit tidlegare tidspunkt skyldast ikkje den kristne teologien, men ein kombinasjon av at det geosentriske verdsbiletet var meir intuitivt og respekt for greske tenkerar som Platon, Aristoteles og Ptolemaios som alle støtta det geosentriske verdsbiletet.[5]

Kva så med dei neste påstandane? Stemmer det at kyrkja måtte godkjenne alt for at folk skulle tru på det? Og at det difor ikkje kom nemneverdige oppdagingar i mellomalderen? Nei, nok ein gong er mytane ute og går. Kyrkja hadde ingen systematisk sensur av vitskaplege verk, eller vitskapleg arbeid elles. Det var stort sett berre i teologiske spørsmål at kyrkja kunne forby bøker, og Galileo Galilei er truleg den einaste i historia som kyrkja har idømt straff av vitskaplege årsakar, men då òg var det mange andre faktorar.[6]

Dessutan skjedde det rimeleg mange oppdagingar i mellomalderen, t.d. er briller, undertøy, smertestillande medisin, vindmøller, bankar, moderne klokker, kompass og universitet nokre av nyvinningane som kom i denne tida.[7] Mykje av grunnlaget for oppdagingar gjort under den vitskaplege revolusjon vart dessutan lagt i mellomalderen, t.d. vart det vist at det var mogleg for jorda å snurre rundt si eiga akse, utan at vi merkar det, noko som var viktig for Copernicus sine teoriar. [8]  I tillegg vart det i mellomalderen omsett ei rekke vitskaplege og filosofiske verk av arabiske, jødiske og greske forfattarar til latin. Det burde vere sjølvsagt at eit verk som argumenterer for islamsk teologi var imot det kyrkja stod for. Likevel var det nettopp kyrkjas eigne menn som omsette desse verka, som vart aktivt lest og brukt av kristne filosofar.[9]

Det er dette som er mellomalderen i Europa, eller i alle fall litt nærare røynda enn det norskboka påstår. Mellomalderen var ei periode med mykje uro og maktmisbruk, også i kyrkja, men det var ikkje ei kolsvart sovjetepoke styrt av Pave Stalin I. Så får vi håpe norskboka er noko betre i norsk enn i vitskapshistorie.








[1] Intertekst VG2, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS, 1. utgåve 2014, s.196
[2] Albertus Magnus, De vegetabilibus et plantis
[3] http://plato.stanford.edu/entries/scientific-method/#HisRevAriMil
[4] Augustin av Hippo, De genesi ad litteram
[5] http://plato.stanford.edu/entries/copernicus/#2.1
[6] Davidsen, Bjørn Are (2010): Da jorden ble flat. Mytene som ikke ville dø, Luther forlag.
[7] Frugoni, Chiara (2007): Inventions of the Middle Ages, The Folio Society
[8]  Hamman, James (2009): God's Philosophers. How the Medieval World Laid the Foundations of Modern Science
[9] http://historyofphilosophy.net/latin-translations

13 kommentarer:

  1. Til første kilden din. Er dette virkelig et ekte utdrag fra en ekte norskbok for en ekte VG2-klasse?

    Har du eventuelt hele utdraget, slik at den fulle konteksten blir tydelig? :)

    Kanskje det er på tide å skape litt oppstyr.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Hei! Ja, kjelda som er oppgitt er heilt korrekt og er direkte sitert frå kapittelet om opplysingstida. Er sjølvsagt ein fan av å skape litt oppstyr ja ;) Har ikkje norskboka akkuratt no, men kan finne det fram ja.

    SvarSlett
  4. Det hadde vært topp. Det kan jo tenkes at konteksten gir noen formidlende omstendigheter, siden setningene, slik de står nå, knapt gir noen mening, selv om budskapet faktisk hadde vært stort sett sant.

    Du skriver drivende godt forresten. Er du virkelig 'bare' elev på videregående skole? :)

    SvarSlett
  5. (Og beklager forrige fjerna kommentar. Mobilen min har en tendens til å dobbeltposte.)

    SvarSlett
  6. Tusen takk Thomas og Daniel Joachim! Ja, eg er "berre" elev på vg2 :) Beklager litt seint svar, men her er heile utdraget, tvilsomt at det er formildane, overskrifta er forøvrig "fornufta vinn fram":¨
    «La oss ta eit raskt tilbakeblikk: Sjå for deg eit samfunn der religionen ,ved kyrkja, påstår han kan forklare alle samfunnsforhold. Folk får ikkje tru noko som ikkje religionen først har godkjent. Det er eit system der tanken ikkje er fri, men der den frie tanken rett og slett er farleg, for han utfordrar makthavarane. I eit slikt samfunn finst det ingen krefter som oppfordrar vitskapen til å komme med ny og banebrytande kunnskap, tvert imot blir ny kunnskap sett på med skepsis. Her er mennesket lite og Gud stor. Dette samfunnet er mellomalderen i Europa.
    Rennesansen endrar dette. Antikkens filosofar blir gjenoppdaga – allereie 2000 år tidlegare hadde grekarane gjort seg interessante tankar om forholdet mellom menneske og samfunn! – Det er ikkje sikkert at kyrkja har rett i alt ho seier! – Jorda er kanskje ikkje sentrum i solsystemet! Slike tankar vaks fram.
    Opplysningstida byggjer vidare på tankane frå renessansen. No forlet ein barokkens kjensler og gudsfrykt, og vil ha fornufta fram igjen. «Ha mot til å bruke din eigen forstand!» er oppfordringa frå filosofen Immanuel Kant. Og vitskapen viser at fornufta og forstanden er det som bringar menneske og samfunn inn i framtida»

    SvarSlett
  7. Supert. Takk.

    Jeg fant den også her, for videre referanser:
    http://capellamedia.ipapercms.dk/Fagbokforlaget/FagbokforlagetU/IntertekstVg2/

    Jeg har sendt en mail til forlaget i første omgang, så får vi justere etter responsen vi får der. Det er litt skummelt, både at VGS-elever får forsterket vanlige fordommer, men også får et kunnskapsgrunnlag som strider mot den overveldende majoriteten av akademisk litteratur. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Flott, såg etter nettutgåve, men fann det ikkje :) Er absolutt skummelt ja, skulebøker burde nok vore kvalitetssikra litt betre.

      Slett
  8. No er det usikkert om tidligare skulebøker var så voldsomt kvalitetssikra, men dei skulle i det minste vere godkjente av departementet.

    Den ordninga er borte. Eg kan ikkje i farten hugse når det skjedde, eller grunngjevinga, men slik det står no er det fritt fram for kven som helst å lage skulebøker.

    Kostnaden ved å gjere det, og naudsynet med å overbevise lærarar om at relativt små budsjett til bøker skal brukast på akkurat di bok reduserer talet på alternativ.

    Om du skulle lure, er eg lærar (historie og KRLE) på ungdomstrinnet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det visste eg ikkje, er trist at det ikkje er noko kvalitetssikring av skulebøker, skulle tru det var nettopp dei som ikkje burde innehalde feil.

      Slett
  9. No er nok denne typen feil slike som fort kunne sluppe gjennom i gamle dagar og. Dei mytene som vert presentert, er ganske gjengs, og dei var ikkje mindre gjengs tidlegare.

    Når me i tillegg kjem i hug at dette er frå ei norskbok, og ikkje ei historiebok, er sjansen mindre for at det ville blitt lagt merke til.

    Kontrollen tidlegare var nok mest knytta opp mot læreplanane - eller mønsterplanane, som det heitte då. Eg har ein mistanke om at det ville vore tilfellet framleis - altså, at ein ser etter at måla i læreplanen er dekt opp, heller enn at all informasjon er korrekt.

    Eg er spent på reaksjonen på mailen som Daniel Joachim sendte, kjenner eg.

    SvarSlett
  10. Hei.

    Mitt navn er Kai Erik Westergaard og jeg er debattredaktør for nettstedet Religioner.no. Vi er et nettsted drevet av studenter (og tidligere studenter) innen religionshistorie ved UiO

    Vi vil veldig gjerne republisere blogginnlegget ovenfor på vår side. Fant ikke noe kontakt informasjon så tar kontakt her. Om dette er interessant for deg kan jeg informere om at vi selvsagt oppgir originalt publiseringssted og forfatter når vi republiserer. Vi det var et godt og velskrevet innlegg. Ta derfor gjerne kontakt på kaiwestergaard@religioner.no hvis det skulle være aktuelt.

    Om du vil lese mer om oss kan du se: http://religioner.no/about/formal
    Og om du ønsker å ta en titt på nettstedet i sin helhet er adressen: religioner.no

    Med vennlig hilsen
    Kai Erik Westergaard

    SvarSlett