søndag 10. januar 2016

Kva er Gud?

Som gudstruande må ein forvente å få dette spørsmålet, men det er ikkje nødvendigvis så enkelt å svare på som ein skulle tru. Det er nemlig ganske vanskelig å skulle skildre Gud, rett og slett fordi ein må vere ovanfor noko for å kunne fullt ut forstå det. Hadde Gud vore noko vi kunne forstå med vår avgrensa hjernekapasitet måtte Gud vore avgrensa, noko som bryt med heile det monoteistiske gudskonseptet.  Eg vil likevel prøve å klargjere litt kva vi kristne meiner når vi snakkar om Gud.

Mellomalderfilosofen Anselm av Canterbury sa om Gud i sitt berømte ontologiske argument for Guds eksistens at Gud er «That than which a greater cannot be thought»[1]. Med andre ord: Om du kan sjå for deg noko større enn Gud, så er det ikkje Gud du ser føre deg i utgangspunktet. Gud er ganske enkelt større enn du trur. Dette er ein stor forskjell mellom Gud i kristen, jødisk, muslimsk og aristotelisk forstand (og dei fleste andre formar for monoteisme) og gudane i polyteistiske naturreligionar som norrøn og gresk mytologi. Dei greske og norrøne gudane er ganske menneskelege og ein kan enkelt sjå for seg ein «betre versjon» av Tor eller Poseidon. Den før-sokratiske filosofen Xenophanes kritiserte gresk religion for nettopp å skape gudane i menneskets bilete. Bibelens Gud skapte menneska i sitt bilete (1. mos 1,26).

Ein ting som til tider kan vere enklare og kanskje nyttigare enn å seie kva Gud er, er kva Gud ikkje er. Så, kva er Gud ikkje? Gud er ikkje materiell, underlagt lover (t.d. fysiske, inkl. tid) og er ikkje ein substans. Med andre ord har ikkje Gud ein kropp, han består ikkje av partiklar, blir ikkje påverka av fysiske lover etc. Gud har sjølv skapt både alt fysisk og lovene som styrer det fysiske. Han er ikkje ein del av det skapte, men skaparen, på same måte som at ein musikar aldri kan vere ein tone i musikken han skapar. Gud er i det heile ikkje samanliknbar med noko vi kjenner til frå vårt univers, anna enn i metaforisk forstand. Ein kan difor seie at Gud er ein far, sjølv om han ikkje er ein far i menneskelig forstand. Slike metaforar vil aldri kunne vere perfekte, men vil kunne bidra til å forstå Gud betre.

Kva kan ein då seie om Gud? Då Moses spurde korleis han skulle forklare Gud for Israelittane fekk han svaret  ««Eg er den eg er.» Og han [Gud] sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.»» (2. Mos 3,14). Evangelisten Johannes skildrar Gud som ordet ( på gresk logos, som òg kan tyde m.a. fornuft) (Joh 1,1), liv og lys (1. Joh 1,1-5) og kjærleik (1. Joh 4,8). Gud er han som eksisterer framfor alt, all eksistens er til ved han, Gud er den som elskar framfor alt, all kjærleik er til ved han, Gud er den som veit framfor alt, all sanning er til ved han. Gud er evig, uskapt og uforanderlig. Ingenting kan eksistere utan Gud. Når vi seier Gud er allmektig, god og allvitande er det dette vi meiner.

Det er riktignok ein ting til som er særeigent ved den kristne Gud. Han har ein personleg kjærleik for kvart enkelt menneske han har skapt. Så stor kjærleik at han valde å stige ned på jorda inkarnert som menneske og ta på seg straffa til kvar enkelt av oss ved å døy på eit kors, slik at vi skal kunne leve evig med han (Joh 3,16 og resten av bibelen). Men det er eit tema for stort for denne teksten.

Så har eg kanskje laga fleire spørsmål enn eg har besvart i denne teksten; kva vil det eigentleg seie at Gud er allmektig? Kan Gud gjere det som er logisk umogleg?  Styrer Gud alle naturprosessar direkte? Desse spørsmåla vil eg (sannsynlegvis) komme tilbake til i seinare tekstar, så håpar eg at dette har gjort det litt klarare kva eg meiner når eg snakkar om Gud, for det kjem eg til å gjere fleire gongar på denne bloggen.

3 kommentarer:

  1. Jeg regner med at du mener fysisk substans, når du sier at Gud ikke er en substans. Jeg tror den tradisjonelle filosofiske bruken av begrepet er noe videre. Alle "eksisterende enheter" er substanser. Jfr. den nikenske trosbekjennelsen "Jesum Christum...consubstantialem Patri"; dvs. av samme substans som Faderen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Burde kanskje ha presisert det litt ja. Meinte forsåvidt ikkje berre fysiske substansar, men avgrensa substansar, substansar som er ein del av og avgrensa av universet. No er det jo ikkje akuratt den minst kontroversielle delen av trusvedkjenninga heller (sjølv om eg sjølvsagt ikkje seier meg ueinig i den), det var store stridar om den setninga :)

      Slett
    2. Det stemmer, men det endrer forsåvidt ikkje poenget. Provokasjonen låg jo ikkje i "substantialem" men i "con". ;)

      Slett